Eldar Rune Øye vert kommunalsjef Teknisk, eigedom og landbruk frå 01.08.24

Kommunedirektøren har gjennomført ein mindre organisasjonsendringsprosess som har resultert i at assisterande kommunedirektør vert overført til den ledige stillinga som kommunalsjef.

Ørsta kommune

Stillinga som assisterande kommunedirektør vert ikkje lyst ut og er med det ei innsparing. Øye vil i den nye rolla også ha funksjonen som stedfortredar for kommunedirektør. Han tek med seg ein del av noverande oppgåver inn i ny stilling, medan noko også vert fordelt på andre tilsette.

Øye har vore tilsett i Ørsta kommune sidan 1995, først knytt til det som den gong var teknisk sektor. Sidan har han vore knytt til sentraladministrasjonen og har vore assisterande rådmann/kommunedirektør.

Han har treårig utdanning i kommunalfag, toårig økonomi og administrasjons utdanning, med vekt på samfunnsøkonomi og i tillegg eit år med vidareutdanning i LMB (Leiing av små og mellomstore bedrifter).

Kommunedirektøren er glad for at partane har kome fram til denne løysinga saman, og for at Øye tek denne utfordringa.

Følg oss