Ein må framleis ringje for å avtale koronatesting

Frå 12. august blir det lettare å teste seg for koronasmitte, men ein må framleis ringje koronatest-telefonen i forkant. 

korona-test - Klikk for stort bilete 

I Ørsta kommune er vi glade for at folk er flinke til å ta kontakt for koronatesting! Det er svært viktig å oppdage smitte tidleg for å kunne avgrense og stoppe vidare smittespreiing og utbrot.

I førre veke vart 115 personar testa, og totalt har over 1000 blitt testa sidan prøvetakinga starta.

Frå onsdag 12.08.20 har FHI og Helsedirektoratet varsla innføring av nye testkriterier der alle som mistenkjer at dei er koronasmitta skal få høve til å teste seg utan vurdering frå lege. Det gjeld sjølvsagt i Ørsta også, men du må framleis ringje koronatest-telefonen slik at vi får registrert deg og gjort alt klart til du kjem til teststasjonen på avtalt tidspunkt. Ikkje møt opp direkte på teststasjonen utan avtale.

Telefon for koronatesting: 90 83 07 20 (kl. 09.00 - 14.00 mån-fre)

Det er viktig at alle held seg heime til dei har fått svar om negativ koronatest OG dei er symptomfrie. Det gjeld eigne reglar for folk som er i karantene (karantenetida gjeld uansett kva testresultatet viser).

Vi vil også minne om smittevernreglane:

  • Vask hendene ofte
  • Hald minst 1 meter avstand til andre, unngå samanstimlingar
  • Hald deg heime dersom du er sjuk (til du er symptomfri)
  • Ta kontakt for koronatesting.

Kontakt

Testtelefon Korona (man-fre: 09.00-14.00)
700 58 960
Korona spørsmål
@ Korona spørsmål

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende