Fargefest
Det fyrste ein legg merke til når ein kjem til Dalevegen, er fargespelet ute på plassen. Døra til den einskilde leilegheit har same farge som postkassa og døra inn til uteboda. Dette gir kvar av bebuarane sin eigen farge i det felles uteområdet. Det er ikkje berre brukarvenleg og praktisk, men det set også litt farge på kvardagen.
Dei tilsette si rolle
Einingsleiar Guro Bakke Liaskar kan fortelje at dei tilsette ved Dalevegen driv miljøarbeid og praktisk bistand. Deira jobb er å hjelpe bebuarane til å skape ein god kvardag med fokus på livskvalitet. Å bidra til meistring er eit nøkkelord.
Det er eit godt fagmiljø med brei kompetanse som held til i Dalevegen. Her er både vernepleiarar, sosionomar, helsefagarbeidarar og barnevernspedagog. Alle er tilsett i 100 % stilling, som syner heiltidskultur i praksis. Dette er i tråd med Ørsta kommune si satsing, der heile stillingar skal vere det normale. Det dreg med seg stabilitet og tryggleik, noko som er særleg viktig for relasjonane som vert bygde i Dalevegen.
Avlasting
I ein åtskild del av Dalevegen er der to leilegheiter til bruk for avlastning. Desse vert nytta ved behov. Det er store rom, med eit fint innreidd fellesareal. Det er også ein stor veranda i tilknyting til desse leilegheitene. Berre småting står igjen før det er heilt ferdig.