Drive-in kino fredag 10. april

Klikk for stort bilete Vilde Moltudal Igland

 

Langfredag 10. april vert det gratis Drive-in kino ved Ørstahallen
Tidspunkt: 21.00.

Kva film som vert vist, er framleis ei påskenøtt. Det vil bli gitt nærare info når det nærmar seg. 

Facebook-hendinga finn du her

Ordførar Stein Aam har fått med seg svært gode hjelparar i Elise Stokken, Hans Robert Bondhus, Karen Høydal og Hjørundfjord filmteater for å organisere kinoen. Han seier følgande om arrangementet fredag: 

- Vi må takke Sparebanken Møre som ville sponse dette positive tiltaket for både bilinteresserte og andre som ønskjer å sjå kino frå bilane sine fredag. Det er leigd inn prosjektor frå Lydkjellaren og lyd frå lokale Ørsta live. Vi håper at været held seg slik som det er meldt og at vi får opplett.