Difor bør eldre tenkje over drikkevanane

Foto: Andreas WinterNår du vert eldre, når du er sjuk, og når du brukar medisin, toler du mindre alkohol enn før.

Det er fornuftig å tenkje gjennom eigne vanar, og å drikke mindre og sjeldnare i takt med at du vert eldre, seier Lid som er spesialist i allmennmedisin og forskar på alkoholfeltet.

Han forklarar at dei som nærmar seg pensjonsalder no ikkje er gamle på same måten som før. «Baby boom» generasjonen, født mellom 1946 og 1964, har andre vanar og forventningar enn tidlegare generasjonar eldre. Dagens besteforeldre er friskare og meir aktive enn før. Helsa er betre, dei har eit meir aktivt liv, fleire er i arbeid, dei trenar, et sunt, og reiser meir enn før.

Det har vore ei gradvis endring i korleis eldre er saman sosialt. Tidlegare generasjonar sosialiserte seg gjerne med kake og kaffi, men no har eldre nye vanar: andre opplevingar, andre impulsar, nye matrettar, hyppige reiser og alkohol. No ser ein tendensar til at ein tek med seg dei sosiale vanane frå 30-40 års alderen inn i 50-60 årsalderen. Det fell ikkje naturleg å lage nye sosiale vanar berre fordi ein vert eldre.

Alle generasjonar tek med seg sine eigne alkoholvanar inn i alderdomen. Dei som er i ferd med å bli eldre no har drukke meir enn generasjonar 20-30 år før dei. Eldre sine drikkevanar tyder på at dei totalt sett drikk mindre enn dei sjølv gjorde då dei var 10 og 20 år yngre, men det vert fleire drikkeanledningar. Når det drikkast oftare, men mindre kvar gang, blir vi mindre bevisst på det totale alkoholinntaket vi har over tid.

Utfordringane

Legen og forskaren peiker spesielt på seks områder, kvar det å bli eldre gjer at ein toler mindre alkohol enn før.

  1. Nedbrytinga av alkohol går saktare
  2. Promillen blir høgre og varer lengre
  3. Medisin og alkohol forsterkar kvarandre
  4. Søvnproblem, alkohol og sovemedisin
  5. Høgt blodtrykk
  6. Helseutfordringar som følgje av alkohol

 

Vi endrar oss meir enn vi tenkjer på, disse aldringsprosessane er i gang heile tida. Så det krev faktisk at vi er meir bevisste på alkoholvanar, og at vi snakkar meir om det. For det er så lett å lure seg sjølv og ikkje tenkje på at ein toler mindre no enn ein gjorde før.

 

Råd på vegen

Viss ein lurer på tind rundt eiga helse og alkohol så er det gjerne eit teikn på at ein kanskje drikk litt meir enn det ein burde. Det fyrste du kan gjere då, er å snakke med dine næraste og høre kva dei tenkjer. Det andre du kan gjere er å snakke med fastlegen om det. Fortel kvifor du har tenkt på det, og få ei avklaring på om det er noko du skal vere forsiktig med eller bevisst på når det kjem til alkohol.

Les heile intervjuet om aldring, helse og alkohol med lege Torgeir Gilje Lid >>>

Kjelde: Av-og-Til

Følg oss