Den nasjonale skjenkestoppen er oppheva

Med verknad frå midnatt til 13.oktober oppheva regjeringa den nasjonale skjenkestoppen, som påla skjenkestadane å stenge kl. 24.00.

Bakgrunnen for opphevinga var store variasjonar i smittesituasjonen frå kommune til kommune. Vedtaket om å oppheve skjenkestoppen inneber at kommunane får eit større ansvar for sjølve å vurdere kva smitteverntiltak som er naudsynt. Ørsta kommune har ein stabil smittesituasjon, med få tilfelle. Vi er i såkalla grøn sone, slik situasjonen er no.

Difor er dei ordinære, lokalt vedtekne, skjenketidene for dei ulike serveringsstadane no gjeldande. Ørsta kommune vil følgje nøye med på utviklinga. Lokale smitteutbrot og eventuelle brot på smittevernreglane kan føre til at det vil verte naudsynt å avgrense skjenketidene. Per i dag ser vi altså ikkje behov for slike innskrenkingar.

 

Følg smittevernråda

Vi håper du som er gjest ved serveringsstadane respekterer dei nasjonale smittevernråda og følgjer dei reglane den einskilde sjenkestaden har satt.

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald minst 1 meters avstand til dei som ikkje er dine næraste
  • Ha god hanhygiene med hyppig og grundig vask, eller bruk handsprit

 

Smittevernfagleg forsvarleg drift

Vi minner om at krava om smittevernfagleg forsvarleg drift ved serveringsstadar framleis gjeld. Sjå § 14a i covid-19 forskrifta.

I tillegg er det gjeve pålegg om at serveringsstadar med skjenkeløyve må halde oversikt over kven som er til stades. Det er nok å registrere kontaktinformasjon til ein person i kvar gruppe. Dette er eit nasjonalt påbod som også gjeld i Ørsta kommune. Lister med oversikt over gjestar må oppbevarast i 14 dagar.