Den midlertidige kanalen "Skriv til NAV" er ikkje tilgjengeleg etter 30.6.20

Klikk for stort bileteDen midlertidige, skriftlege kanalen for brukarar av dei sosiale tenestane til NAV stenger 30. juni. 

Løysinga var eit hastetiltak for å auke tilgjengelegheita til sosiale tenestar i NAV-kontoret på grunnlag av stor pågang på telefon og i chatløysingane, samt avgrensa fysisk tilgjengelegheit til NAV-kontora under pandemisituasjonen.

Formålet med den digitale tenesta var at brukarane av sosiale tenestar kunne kommunisere digitalt med sitt NAV-kontor under pandemien. Varigheita på tiltaket blei satt til 30. juni 2020, med moglegheit for forlenging viss pandemisituasjonen skulle tilsei det. Fordi samfunnet gradvis opnar opp og det er betre tilgjengelegheit til NAV for brukarane, vil den midlertidige løysinga bli stengt som planlagt 30. juni.  

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende