Delt fortau gir tryggare skuleveg

Fortau.jpg

 

Fortauet på sørsida av Anders Hovden-gate har fått oppmerking for fotgjengar- og sykkelfelt. Dette er det fyrste fortauet med slik oppmerking i Ørsta kommune. 

I fleire byar har det har lenge vore vanleg å ha eigne felt for syklistar og fotgjengarar på gang-/sykkelvegane. I Ørsta har ikkje dette vore gjort før, men no vert dette prøvd ut langs Anders Hovden-gate. For Ørsta er dette eit prøveprosjekt, der tilbakemeldingar vil avgjere om tiltaket blir aktuelt på andre strekningar. 

Sykkelglade born og unge
Bakgrunn for tiltaket kjem frå undersøkingar som viser at mange born og unge i Ørsta vel å bruke sykkel som transportmiddel til og frå skulen. Fortauet langs Anders Hovden gata vert brukt av born og unge på vei til og frå Velle skule, ungdomsskulen og Ørsta vgs. Mange av syklistane brukar fortuet for tryggleiken sin del, då det er mykje biltrafikk i same tidsrom. For å hindre at syklistar vert pressa ut av kanten på fortauet for å kunne passere, så er oppmerkinga av fortauet meint å skape eit tydeleg skilje mellom billistar, syklistar og fotgjengarar. Dette vil også vere med på å trygge skulevegen til alle fotgjengarane på fortauet. Når oppmerkinga er ferdig, går det frå krysset mot Dalevegen og heilt ned til Holmegata.
 
Prosjektet er finansiert 50%  med fylkeskommunale-  og 50% med kommunale trafikktryggingsmidlar. 
 

Følg oss