Brukarundersøking på Ørsta folkebibliotek

Biblioteksjef Hanne Steinsvik ved Ørsta folkebibliotek - Klikk for stort bileteBiblioteksjef Hanne Steinsvik ved Ørsta folkebibliotek

"Vi ønskjer å betre kvaliteten på tenestene våre. For å kunne gjere dette er det viktig for oss å høyre kva erfaringar du har med tenesta når du brukar biblioteket i dag", seier Biblioteksjef Hanne Steinsvik.

Det er sjølvsagt frivillig å svare på undersøkinga, men vi håpar du vil ta deg tid til å kome med dine synspunkt ved å svare på spørjeskjemaet.  Erfaringane dine kan gi oss innsikt i kva brukarane er fornøgde med, og kva vi bør gjere for å betre tenesta vår.

Ørsta folkebibliotek

 

For å delta i brukarundersøkinga må du kome innom biblioteket i opningstida 

Her kan du velje om du vil:

  • fylle ut et skjema på papir på biblioteket og levere det inn på staden
  • ta med deg skjemaet heim, fylle det ut der og levere inn på biblioteket etterpå
  • få eit passord og fylle ut skjemaet elektronisk på internett på adressa svar.bedrekommune.no.

Papirskjema er tilgjengelig på både nynorsk og engelsk. På nettet kan du velje mellom nynorsk, bokmål og engelsk.

Nedste aldersgrense for deltaking er 14 år. Vi oppmodar foreldre å gjere borna sine merksam på undersøkinga, då vi ønsker å få med synspunkt og meiningar frå alle aldersgrupper.

 

Brukarundersøkinga varer frå 16. april til 14. mai 2018.

Alle svara vert handsama anonymt.

Dersom du har spørsmål må du gjerne ringe til Ørsta folkebibliotek på 700 45 200, eller sende e-post til: post@folkebiblioteket.no

 

Med helsing

Hanne Steinsvik, 
Biblioteket

Sist endra 19.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering