Kommunal vigsle

Assisterande kommunedirektør Eldar Øye vigslar eit brudepar på Trandal med Hjørundfjorden som bakgrunn. Jeffrey Ruesink

Frå 1. januar 2018 kan de gifte dykk borgarleg i kommunen. Her i Ørsta er det ordførar Per Are Sørheim, varaordførar Tove Halse Digernes, kommunedirektør Wenche Solheim og assisterande kommunedirektør Eldar Øye, som har mynde til å utføre vigsle. Alle som ønskjer det, er velkomne til å gifte seg i Ørsta kommune.

Bestill kommunal vigsle og/eller send inn prøvingsattest i skjema under:

Søknadskjema

 

Før vigsla

Slik går du fram:

  1. Bestill prøvingsattest med skattetaten. For å inngå ekteskap i Noreg, må Staten fyrst gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette vert utført av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Der vil du få ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader, dersom vilkåra er oppfylt. Bestilling av prøvingsattest gjer du på skatteetaten.no

  2. Bestill vigsledato med kommunen. Det gjere du via dette søknadsskjemaet, i god tid og minst 7 dagar før ønska vigsledato. (Til tidlegare til betre med tanke på å reservere datoen).

  3. Send inn prøvingsattesten (som du får med skattetaten) til kommunen, som vedlegg via dette søknadsskjemaet.

 

 

Prøvingsattesten: Korleis ordnar eg med nødvendige papir?

 

 

For at staten skal gjennomføre prøving av ekteskapet, må du sende inn både eigenerklæring og forlovarerklæring til ditt lokale skattekontor.  

For å gjere denne prosessen enklare har Skatteetaten laga ein god hjelpar i Vegen til ekteskapet steg for steg. Her får du stegvis innføring i prossesen for korleis ein inngår ekteskap i Noreg.
 


 

Kva kostar det å gifte seg borgarleg?

Tilbodet er gratis så lenge de vil gifte dykk på rådhuset og i vår opningstid. Ørsta kommune er fleksibel på når og kvar vi tilbyr vigslar. Men dersom de ønskjer å gifte dykk ein annan stad enn på rådhuset og utanom kontortid, må dette avtalast. De kan melde inn ønskje om dette på søknadsskjemaet vårt. Brudeparet må sjølve gjere avtale om leige av og betaling for andre lokale enn rådhuset.

Kommunen tek betaling for ekstrakostnader ved vigslar utanfor kontortid og utanfor rådhuset. Timesatsen er kr. 1200.-.

 

Anna språk:

Dersom ein av dykk er framandspråkleg må de avtale på førehand kva språk som skal nyttast under seremonien. Vigslinga kan utførast på norsk eller engelsk. Dersom ein eller begge ikkje meistrar engelsk, må brudeparet syte for kvalifisert tolk.

Vigslinga

Oppmøte:

Brudeparet, vitne og gjestar bør møte opp 10 minutt før avtalt tid og melde seg på servicekontoret. Dei vil vise dykk til lokalet. Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Med mindre anna er avtalt, må brudeparet syte for at vitne er til stades for å signere prøvingsattesten.

NB: Vigslaren pliktar å kontrollere brudeparet sin identitet før seremonien, så hugs å ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)


Seremonien:

Sjølve seremonien tek om lag 15 minutt. Meld frå om de ønskjer innslag, som til dømes musikk eller opplesing, under seremonien. Søknadsskjemaet har eige utfyllingsfelt for det.     

Seremonien vert avslutta ved at brudeparet, vitna og vigslaren signerer prøvingsattesten, som skal sendast til folkeregisteret.

Etter vigslinga vil brudeparet få tilsendt ein mellombels vigsleattest frå kommunen. Den vert også sendt til folkeregisteret saman med den signert prøvingsattesten. Folkeregisteret utferdar endeleg vigsleattest.

Etter vigslinga

Om du skal skifte etter- eller mellomnamn i høve giftarmålet må du hugse å søke om namneendring. Hugs at ved namneendring må du oppdatere legitimasjon som t.d. bank-ID, bankkort, førarkort og pass:

Retningslinjer for kommunal vigsle i Ørsta kommune

Kommunestyret 14.12.17 vedtok at:

1) Den kommunale vigsleretten vert i Ørsta utført av ordførar, varaordførar, rådmann og assisterande rådmann.

 2) Vigsle kan i utgangspunktet finne stad i kontortida på vekedagar. Vigsletidspunktet vert fastsett etter dialog på førehand mellom brudefolket og vigslaren.  

 3) Vigsel i andre lokale/andre stader og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid må avtalast med vigslaren, og der kommunen fakturerer dei faktiske utgiftene.

 4) Det administrative ansvaret for vigsleordninga vert delegert til rådmannen. Rådmannen får i oppgåve å legge til rette for at vigslane kan finne stad innanfor verdige rammer og å lage utfyllande retningsliner i samsvar med dei føringane som er gjevne. 

Dette fagområdet er nytt for oss, vi takkar for forståing for at rutiner rundt dette kan bli endra undervegs.

Bildet viser eit brudpar som gifter seg i naturlege omgivelsar på vakre Trandal. - Klikk for stort bileteKommunal vigsle på Trandal. Jeffrey Ruesink

Kontakt

Eldar Øye assisterande kommunedirektør
93439790
@ Eldar Øye
Ørsta kommune
70049700
@ Ørsta kommune