Bli med på vårdugnad

Det var mykje lauv på plenen ved Svendsengarden i år. Og i to omgangar var i alt fem damer som bilde viser (Eli Kjøde var ikkje med på bilde) svært aktive med rive og krafse, og samla lauv og rusk i sekkar. Karen Høydal

Felles dugnadsdag er 23. april. Men ein kan gjerne ta dagar før om dag, tid og veret høver. 

 

Planleggingsmøte

Torsdag 3. april var det planleggingsmøte, og fleire engasjerte organisatorar var samla på rådhuset. Det nye og fine i år er at vi har fått med interesserte som skal rydde ved Bakk-Ola-marka, og dei er i full gang. I tillegg blir det tatt ansvar ved statuen Ivar Aasen der Ørsta Mållag har sagt ja til å ta å rydde, og ved statuen Anders Hovden, der vil Ørsta Sogelag gjere ein innsats. Det set vi stor pris på!

Kan du vere med?

Dugnadsgjengen vil svært gjerne kome i kontakt med personar som vil ta ei stund for eit finare og ryddigare sentrum. Ein halvtime, ein heil time, to timar – det avgjer du sjølv, og du kan velje kvar du vil vere med. Det er god trim! Huseigarar, leigetakarar, publikum og kommunen, - vi oppmodar om felles innsats.

Etter påske vil det bli ei runde på fleire område – og kvart område har koordinatorar. Ta kontakt så får du vite tidspunktet:

  • Bibliotek/Kulturhus, Eli Kjøde og Grete Eiksund
  •  Område Ørstahallen, Stein Aam
  • Kunsthuset/Havtor Hovdens, plass Guttorm Hagen
  • Gamle Haldeplassen, Gunnar Knutsen
  • Svendsengarden, Jenny Godøy Vatne, Eli Kjøde og Karen Høydal + styret
  • Ørstaheimen, Tove Krøvel
  • Bakk-Ola-marka, Silvia Torset, Ove Haukeberg, Anita Steinnes, Karen Høydal
  • Gågata, Hermod Nupen
  • Simahaugen, Kirsten Ragnhild Grimstad
  • Rundt Statuen Ivar Aasen, Ingebjørg Olga Øyehaug
  • Rundt Statuen Anders Hovden, Eva Helen Vatne og Anne-Mari Øyehaug

Gamle Haldeplassen blir 5. mai, området rundt og den nye fontena treng stell.  

Ørstaheimen tre laurdagar etter påske, meir informasjon vil kome.

Det er mange gode bidrag for å skape trivsel i bygda! Innsatsen er gull verdt! 

Besøk gjerne Facebookgruppa for eit vakrare sentrum.

Følg oss