Bli med på TV-aksjonen 2017

TV-aksjonen.jpg - Klikk for stort bilete

Søndag 22. oktober går den årlege TV-aksjonen av stabelen. Tusenvis skal ut å gå med bøsse i heile landet. Inntektene går i år til Unicef og deira arbeid for å skaffe utdanning til barn og unge i konfliktråka område. «Hvert barn er en mulighet» er slagordet for året, og ved å gå med bøsse kan du følge eit barn til skulen.

Vi treng bøsseberarar både i sentrum og på bygdene. Du kan melde deg som bøsseberar på www.blimed.no eller ved å ringje 02025. I sentrum er det oppmøte søndag 22. oktober klokka 14.00 på rådhuset.

For bygdene gjeld eigne tider og oppmøtestadar.

 

Rodeleiarane

Bjørke: Cecilie Rørstad 

Follestadalen: Lise Rebbestad 

Hovdebygda: Marianne Lund

Sæbø/Bondalen: Øyvind Taklo

Vartdal: Soknerådet v/ Kjetil Standal

Åmdalen: Idar Vatne

 

Du kan ta kontakt direkte med rodeleiarane om du vil gå med bøsse i ei av bygdene. 

Sist endra 16.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering