Øving/kurs i Holmegata

I dag frå kl. 09.00–12.00 har Brann og redning kurs i bustadbygg i Holmegata. Det kan bli mykje røyk i området.

Betre Tverrfagleg Innsats i Ørsta kommune

Ørsta kommune har tatt i bruk ein ny modell for tverrfagleg samhandling for barn og unge kalla Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).

BTI skal sikre at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng gjennom eit samarbeid mellom familien og kommunen. Behov for oppfølging kan vere av ulik grunn og i ulik grad, men arbeidet med å komme fram til ei løysing skal vere lik.

Ørsta kommune har i 2022–2023 arbeida med å utvikle og tilpasse modellen til lokale forhold.

I 2024 implementerer vi modellen i alle tenester som arbeider med barn og unge. Formålet med modellen er å bidra til tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.

BTI består av ein samhandlingsmodell på fire ulike nivå, ein handlingsrettleiar med tilhøyrande verktøy, informasjon om tenestene kommunen yt og dei tilsette sin kompetanse.

 

For å forklare kva BTI er og korleis vi jobbar har vi laga ein video.

Filmen er inspirert av "Bedre Tverrfaglig Innsats Agder".

Om du vil lese meir om BTI, gå til orsta.kommune.no/BTI

Følg oss