Beredskap: Statusoppdatering 04.01.19

Snøskredfare nivå 4 på Søre Sunnmøre fredag. Flaum og jordskred ligg på nivå 2. Varsom.no

 

Den siste veka har det vore ei rekke uønska hendingar rundt om i kommunen. Dei mest kristiske har vore skredet i Årsetdalen på Vartdal og manglande mobilnett og straum i Hjørund- og Norangsfjorden.  


Kva har skjedd den siste veka?

Nyttårsaftan gjekk det ras i Årsetdalen, som førte til at 5 husstandar vart evakuerte. Desse fekk flytte heim igjen 2. januar. Og sidan tysdag 1. januar har store delar av Hjørundfjorden og Norangsfjorden vore utan mobildekning. Norangsfjorden, Øye, Urke, Norang og Skylstad har også vore utan straum, men denne var tilbake natt til torsdag 3. januar.

Av andre hendingar, så har brannvakta rykka ut til vatn i fleire kjellarar og brann. I tillegg har teknisk vakt og uteseksjonen vore ute på ei rekke oppdrag for å førebygge vass-skader. Som vanleg har dei vore innom vasskummane i kommunen og sjekka vassmengdene. I tillegg har dei greve grøfter og gjort andre nødvendige tiltak for å førebu til eventuell auke i vassmengdene.


Viktige telefonnummer:

  • Teknisk vakt: 900 49 760
  • Brannvakt: 911 22 820


Meir om beredskap


Mobilnettet: Sæbø, Standal og Norangsfjorden

Telenor arbeider enno med feilretting etter fleire linebrot i Bondalen og på Sæbø. Eltel jobbar med linebrotet i Bjørdalsbakken og opplyser at feilen skal vere retta innan kl. 16.00 i dag, 04.01.19.

Tiltak for Norangsfjorden:

Seksjonsleiar Inger Liadal og kriseleiinga har valt å sende ut heimetenesta til å besøke også dei som har tryggleiksalarm i Norangsfjorden, som tryggingstiltak. Brannsjef Thomas Winther Leira sender inn fleire naudnettsamband for å auke beredskapen i høve naudsituasjonar.

 

Skredfare nivå 4 på Sunnmøre

Varsom.no

I høve skredfaren er det berre vegen over Aldalen som har blitt stengt. Kommunen oppfordrar likevel om forsiktig ferdsel på vegar som kan vere skredutsatte. På Varsom.no kan du lese meir om meldingane. 

 

Status Årsetdalen

Skredbassenget etter skredet som gjekk i Årsetdalen måndag er tømt. I høve skredfare nivå 4 fredag, er det ikkje endringar i området etter opphevinga av evakueringa onsdag 2. januar. Det vert ståande ei maskin på staden til vêrsituasjonen endrar seg. Kommunen vil ta kontakt med dei aktuelle bustadane i løpet av fredagen for å gi meir informasjon og svare på spørsmål.

På lengre sikt er kommunen i kontakt med geolog, som skal kome på staden for å vurdere området yttelegare.


Aktuelle lenkjer: 

Følg oss