Bassenget er stengt grunna tekniske problem
Det vert difor ikkje offentleg bading frå i dag 27. september.
Årsak er svikt i ventilasjonsanlegget og tilhøyrande kondensering. Fukt har metta takplater som risikerer å falle ned. Tiltak blir iverksett, men det er foreløpig usikkert når bassenget vil vere klart til bruk.
Vi kjem tilbake med meir info når vi veit når vi kan opne att.