KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

24.11 kl.14.40 Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er opna att

Barnehageopptaket 2020/21

Klikk for stort bilete

 

I tråd med Lov om barnehage og forskrift om opptak til barnehage har Ørsta kommune felles barnehageopptak. I år har vi barnehageplass i 10 barnehagar; sju kommunale og tre private.

Som alle andre år hadde vi også i år laga ein tempoplan der utsending av barnehageplass skulle skje i veke 12. Men veke 12 vart heilt annleis enn andre år på grunn av koronaviruset, og kvardagen for alle vart snudd opp-ned. Så også for barnehageopptaket.

Totalt er det 120 barn som skal over i skulen, og per 1/3-20 hadde vi 148 nye søkarar. 

Av erfaring veit vi at ikkje alle som søker plass og får det, takkar ja til denne. Det fører til mange endringar ut over våren og sommaren, men kommunen har likevel ei utfordring i å gi alle som ynskjer det barnehageplass i år. Folketalsutvikling for kommunen viser ikkje store endringar i barnetal framover, og endringar i folketalet tilseier mest auke i sentrum av kommunen. Likevel har vi for neste barnehageår fått mange søkarar på Sæbø og Dalane. Resten av søknadane fordeler seg likt på dei andre barnehagane våre.

Korleis vi skal i møtekome alle behova om barnehageplass må vi arbeide ekstra med no desse dagane, i tillegg til beredskapen vi er i.  Det fører til at publisering av opptaket vert forsinka for alle. Per i dag kan eg ikkje lova dato for utsending, men håpar å få det publisert før påske

- Seksjonsleiar Reidun Mo.