Avspark på pilotprosjektet Heiltidskultur

Klikk for stort biletePilotane, representantar frå personal og organisasjonsstaben og rådmannen får fagleg påfyll om heiltidskultur av KS.

 

I dag – 6. mars 2018 – går startskotet for pilotprosjektet Heiltidskultur i Ørsta kommune. Kommunen er peika ut til å vere pilot i eit prosjekt saman med Ulstein kommune, og i regi av KS Møre og Romsdal. 

Tre piloteiningar

Me har peika ut tre pilot-einingar til denne prosessen: Hjørundfjordheimen, Bu og habilitering (tenesta for utviklingshemma) og Barnas Vel barnehage. KS-konsulentar vil støtte oss og gje oss opplæring i den prosessen som me skal gjennomføre og KS sine OU-midlar gir oss økonomiske rammer til å gjennomføre prosjektet. Pilotane skal utvikle modellar som resten av organisasjonen kan lære av når dei skal finne sin eigen veg mot ein heiltidskultur.

 

Heiltidskultur skal vere det naturlege

Ørsta kommune skal ha ein heiltidskultur der heile stillingar er det naturlege. Heiltidskultur er avgjerande for at kommunen kan møte kompetansebehov i framtida. Å utvikle ein heiltidskultur er ei organisasjonsendring som er avhengig av politisk vilje, tydeleg leiing, engasjerte tillitsvalde og tilsette som arbeider mot same mål.

Det er mykje forsking og kunnskap som syner at heiltidskultur og store stillingar vil gje stor positiv verdi, både for arbeidsgjevar, arbeidstakarar og framfor alt for innbyggjarar og brukarar.

 

Den gode sirkelen

Målet for arbeidet med heiltidskultur er å oppnå den gode sirkelen: Kompetente og kjende medarbeidarar, godt fagleg miljø, få vikarar og lite ekstraarbeid. Dette vil gi betre miljø for godt arbeid som vil gi trygge, nøgde og aktive brukarar og nøgde pårørande. Då vil det resultere i betre arbeidsmiljø og rolegare og meiningsfylte arbeidsdagar. Opplevinga vil vere ei attraktiv arbeidstidsordning med store stillingar, færre tilsette, som vil gi eit godt omdømme og låg turnover.

Dette er ein langsiktig og kontinuerleg prosess. Me kan ikkje vedta ei kulturendring, men me kan vedta at det skal arbeidast med prosessar som skal vere med på å skape ein heiltidskultur i kommunen vår.

Gneist-gruppene, som er sette saman av einingsleiar, plassverneombod og plasstillitsvald(e) er sentrale i arbeidet med heiltidskultur. Dei skal vere motorar for omstilling på arbeidsplassane, og vil vere viktige aktørar saman med alle dei tilsette for å finne dei gode virkemidla og gode løysingane.

 

Meir om:

 Satsinga på heiltidskultur vert pilotprosjekt