Avlesing av vassmålar er klart

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete Kommunen har no lagt om systemet for vassmålarar frå papir til digital avlesing. Det blir altså ikkje utsendt vassmålarkort som tidlegare. Kundar med vassmålar har no fått ein sms der du gir tilbakemelding om vassmålarstand.

Teksten er «Ørsta kommune ber deg om å lese av vassmålarstanden din (målarnr) på (adresse) innan (dato). Send inn målarstand som svar på denne meldinga. Skriv berre tal, men ikkje raude tal eller tal bak komma.»

Det er vanleg med kort svartfrist på sms. Fristen er sett til 15.01.18. Dei som ikkje svarar vil få ei påminning.

Pris for vatn er dei same i 2018 som i 2017, slik at dette ikkje vil skape vanske for avlesinga at dette skjer nokre dagar ut i januar.

Sist endra 12.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering