Asfaltering i Indrehovdevegen onsdag og torsdag

Klikk for stort bilete Onsdag og torsdag denne veka skal det leggast asfalt i Indrehovdevegen der det dei siste månadane har vore anleggsarbeid.

Området som skal asfalterast er skravert med raudt på biletet under. Ein må rekne med redusert framkomelegheit på vegane medan asfaltering pågår og ber om at alternative tilkomstvegar til Hovdebygda vert nytta dersom dette er mogeleg, slik at ein får minst mogeleg trafikk inn i anleggsområdet. Til dømes ønskjer ein at alle som bur vest for anleggsområdet køyrer via Aasentunet når ein skal ut på E39 fram til asfaltering er fullført.

Fann du det du lette etter?