Årsrekneskapet 2018 – eit innblikk

Det er når ein går igjennom fjorårets investeringsrekneskap, at ein får seg ein skikkeleg påminnar om kor mykje det er som skjer i kommunen i løpet av eit år. I desse dagar har fjorårets Årsrekneskap og Årsmelding vore oppe i både formannskap og kontrollutval.

Heile årsrekneskapen

Ørsta kommune har gjort mange store investeringar i 2018, dette har også gitt fleire store høgdepunkt. Ørstahallen er nok den største, som vart ferdigstilt i januar 2019.

Andre investeringar:

  • IKT investeringar på mellom anna skule, velferdsteknologi og varsling
  • Vallamarka (legesenter, legevakt og omsorgsleilegheiter)
  • Felleskjøkken og dagsenter på Ørstaheimen
  • Trafikkterminal
  • Tilbygg både på Dalane og Hovdebygda barnehage
  • Oppgradering av Hovden, Velle og Vikemarka skule
  • Forprosjekt skule/barnehage på Sæbø og skule Ørsta sentrum
  • Brannsikring på skular og rådhus
  • Sentrumsutvikling – Svendsenhagen
  • Tømmerkai
  • Tomtefelt
  • Skredsikring
  • Turvegar (mellom anna ved Vartdal Helsetun)
  • Opprusting av bruer
  • Toalett på Ose
  • Infrastruktur på Melsgjerdet

Fullstendig investeringsrekneskap finn de her.

Følg oss