Årets eldsjel 2022 er Eli Kjøde

Bildet viser Eli Kjøde som mottek diplom frå varaordførar Karen Høydal. - Klikk for stort bileteEli Kjøde er årets eldsjel 2022. Ingvild Marie Taraldset


Prisen for årets eldsjel vart det ut på rådhuset under kommunestyremøtet i dag, 15. desember. Prisen blir delt ut annakvart år, og i år er Eli Kjøde som fekk prisen.

2022 er frivilligheita sitt år. Frivillig innsats er ein hjørnestein i demokratiet vårt. Det er nesten 100.000 lag og foreningar i Norge. Frivillig innsats gjer livet for mange ekstra meiningsfylt, og er samtidig svært verdifullt for lokalmiljøet. Alt skal ikkje reknast i krone, men utan frivillig sektor ville mange aktivitetstilbod ikkje eksistert, oppgåver og inkludering ikkje blitt løyst. Og mykje ville vore dyrare både for folk og for stat og kommune.


Om prisen

Ørsta sin pris som eldsjel skal synleggjere enkeltpersonar eller lag sin ekstra innsats for fellesskapet og lokalmiljøet. I heile kommunen er det hundrevis av personar som legg ned uvurderlege arbeidsmengder som til saman gjer lokalsamfunna trygge, aktive og attraktive.

Juryen - samansett av Mørenytt, ungdomsrådet, eldrerådet, næringskontoret og kommunen - mottok mange gode forslag som alle oppfyller kriteria til prisen. Både forslag frå i år - og frå sist runde - vart vurderte. I år var det rekord-mange forslag – også fordi dei mange eldsjelene som Mørenytt har intervjua gjennom åra vart vurderte.

Prisen blir delt ut annakvart år, og i år som tidlegare går prisen til ein person som har gjort ein solid frivillig innsats for lokalsamfunnet over fleire år. Til ein person som vert omtalt som ei klassisk eldsjel. Prisvinnaren er kjent for sin store og mangeårige frivillige innsats.

I 2022 er Eli Kjøde mottakar av årets eldsjel.
 

Grunngjeving

Eli har lagt inn ein stor innstas som frivillig gjennom heile livet, og på mange ulike felt. I 2022 har ho vore leiar i Ørsta pensjonistlag i 10 år, engasjert seg stort i tusenårsstaden, Svendsengarden-styret der i mange år, i prosjektet «Leve heile livet».  Eli er heller ikkje redd for ny teknologi, og er kursleiar og arrangør i «trygg på nett» og datakurs for nybyrjarar. Ho er også aktiv og instruktør i trimtilbodet «Sterk og Stødig»,  i lokale på Røde-Korshuset, som har stor oppslutning. Eli starta spanskkurs for pensjonistar i 2019, dette går også i 2022. Ørsta pensjonistlag er det einaste laget i fylket med dette tilbodet. Eli Kjøde har også vore frivillig lenge, ho var mellom anna sentral i jonsokmila - eit sosialt trimopplegg som starta i 2007. 

Forslagsstillar avsluttar sånn i omtalen sin: «Eli Torbjørg Kjøde er raus på fritida si. Ho er ein berebjelke- eldsjel - i lokalt kulturarbeid.»

Vi håper prisen kan vere ein inspirasjon for alle i heile Ørsta til vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Eli er derfor også ei takk og anerkjenning til personar og lag som gjer ein frivillig innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen.

Varaordførar Karen Høydal overrakk diplom, og ein gåvesjekk på kr 20.000 frå Sparebanken Møre – til eit allmennyttig formål Eli kan velje som kjem folk lokalt her i Ørsta kommune til gode.
 

Overraska og glad

Eli Kjøde fortalde at ho vart overraska og glad når ho fekk vete at ho hadde vunne prisen. Og at ho såg på seg sjølv om ein representant for alle pensjonistane som driv med frivillig arbeid.

Vi gratulerer!

Følg oss