Arctic Nutrition planlegg ny fabrikk i Hovdebygda

 Visjon for ny fabrikk og hovudkontor  

 

Bioteknologiverksemda, som har hovudkontor i den tidlegare Møre Trikotasje- fabrikken i Hovdebygda, arbeider vidare med planlegginga av ein fabrikk for produksjon av silderognekstrakt av legemiddelkvalitet.

Måndag vart det halde ein førehandskonferanse med Ørsta kommune for å avklare ein del føresetnader for bygging av ny fabrikk på tomta i Industrivegen. Forprosjektet, som fekk støtte frå det kommunale næringsfondet, er gjennomført. Leiinga i selskapet ønskjer no å ta eit steg vidare i prosessen. Arctic Nutrition er framleis på eit tidleg stadium i planlegginga, og må difor ta ein del atterhald. 

Men førehandskonferansen gav avklaringar som gjer at selskapet går vidare med planlegginga. I første fase er det aktuelt med eit nybygg på inn til 1 500 m² og eit kjøletårn. Investeringsramma for det samla prosjektet vil vere mellom 200 og 300 millionar kroner og kan skape om lag 20 nye høgkompetanse- arbeidsplassar. Selskapet vart medlem i bransjeforeininga Legemiddelindustrien i 2018. Dette var eit viktig steg som bana veg for realiseringa av eigen fabrikk og produksjon av legemiddel mot psoreasis i Ørsta. 

Skisse første byggesteg

 

Ordførar Stein Aam er glad for at Arctic Nutrition no går inn ein meir konkret planleggingsfase. Dette er ei svært spennande verksemd med dokumenterte resultat av forskinga si, seier han. No ser vi fram mot eit nytt kapittel i Ørsta si industrihistorie… 

Følg oss