Arbeid med Sæbønes- og Flatnesvegen

Klikk for stort bilete

Prosjektet med opprusting av Sæbønes- og Flatnesvegen på Sæbø er godt i gang. I samband med dette gjekk det eit mindre lausmasseskred over Flatnesvegen og ned på Sæbønesvegen om kvelden tysdag 10. september.

Entreprenøren var raskt på staden og fekk rydda vegbana. Dei siste dagane har det vore arbeidd med å sikre jordskråninga mot eventuelle nye ras. Ein har kome langt i dette arbeidet og skal såleis vere godt førebudd på nedbørsmengdene som er meldt til helga. I tillegg vil entreprenør ha ekstra beredskap gjennom heile helga.

Oppdatering 15. sept: 
På grunn av vassmengdene ber vi dykk om å ikkje opphalde dykk rett rett ved rasområdet på Sæbønes- og Flatnesvegen. Området er eit anleggsområde så vis omsyn. Rasområdet er sikra men spesielt dei som går forbi bør vere litt på vakt no medan det regnar som verst

 

Vis omsyn til anleggsområdet 

Det er mange utanforståande som ønskjer å følgje med på kva som skjer ved anleggsområdet, spesielt etter at raset gjekk tysdag kveld. Vi vil be alle utanforståande om å halde god avstand til maskiner og lastebilar som arbeider inne på anleggsområdet og om at ein ikkje oppsøker anleggsområdet unødvendig medan det pågår arbeid her. Dette både for eigen sikkerhet og for at entreprenør skal få arbeide mest mogeleg trygt og effektivt.