KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

Varsel! Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er stengt inntil vidare grunna uvær.

Alle med luftvegssymptom må halde seg heime og teste seg

Telefonen til teststasjonen (700 58 960) er open til kl. 16.00 tysdag 27.oktober.

Klikk for stort bilete  

Det er i dag påvist to smittetilfeller i Volda kommune. Dei to har ein relasjon, men smittekjelda er ukjent. Smittesporingsarbeidet held fram. Førre smittetilfelle i Ørsta, registrert 21. oktober, har også ukjent smittekjelde.

Fordi smittekjelda er ukjent, ber vi alle i lokalmiljøet som har luftvegssymptom om å halde seg heime og teste seg. I samband med dette blir telefonen til teststasjonen (700 58 960) i dag open til kl. 16.00. Dei som ringjer i dag vil få time til testing i morgon.

Vi ber alle følgje dei nasjonale råda, også innstrammingane som kom i går.