Aktivitetsdag på Ørsta stadion

Måndag 20. juni kl. 10.00–13.00 blir det sykkeltur og generasjonsleikar på Ørsta stadion og i Ørstahallen.

Aktivitetsdagen er eit samarbeid mellom Ørsta kommune, Ørsta frivilligsentral, Ørsta ungdomsskule og Ørsta Røde kors omsorg. Vi inviterer både deltakarar, syklistar, passasjerar og heiagjengar.

Alle som ønskjer og har høve er hjarteleg velkomne til å vere med oss på Ørsta stadion og i Ørstahallen denne dagen. Om nokon treng transport til Ørsta stadion, ordnar vi det. 

Program
 
10.00 Felles samling på stadion. Opning m/ordførar Stein Aam. Oppvarming til musikk m/ Anne Yksnøy.
10.15–10.45 Bolk 1 med leikar på stadion og sykkeltur.
11.00–11.30 Bolk 2 med leiar på stadion og sykkeltur.
11.30–12.15 Pause. Kiosken er open i Ørstahallen. Quiz på borda
12.15–12.45 Bolk 3 med leikar på stadion og sykkeltur

For spørsmål, kontakt: Rebecca Riise Bjerknes, tlf 913 13 572.


Om sykkelturen

Sykkelturen er eit nasjonalt prosjekt i regi av Norges frivilligsentraler. Hovudmålet med sykkelturen er å sette fokus på meirverdien av å føle seg til nytte i samfunnet. Det går etappar gjennom heile landet frå Nordkapp til Lindesnes. Vi får 6 rickshawsyklar på besøk. Kjekke lokale sykkelsjåførar syklar dei som vil vere passasjerar ei runde gjennom sentrum om hamna, gågata og simahaugen.  
 

Om generasjonsleikane

Generasjonsleikane er fyrst og fremst leik og moro på tvers av generasjonar. Det er folkehelse, bruk av nærmiljø og frivillige. Det blir potetløp, ballkasting, gå på «line», bowling og andre kjekke aktivitetar. Ungdomsskulen deltek med tre klassar, og vi inviterer seniorar også. Kom og bli med då vel!
 

Følg oss