11 ledige tomter i Mosbakkane

HB_Mosbakkane.jpg - Klikk for stort bilete Måndag 16. april var det trekking mellom søknadane til Mosbakkane bustadfelt, søknadsfristen var 13. april. Etter trekkinga er det igjen 11 ledige tomter i Mosbakkane. Kommunen vil ikkje lengre operere med nokon søknadsfrist, men halde seg til "fyrste mann til mølla"-prinsippet i fordelinga av dei resterande tomtene.  

I denne artikkelen har vi samla dronefilm frå bustadområdet, aktuelle dokument med informasjon om tomtene, kartdata og søknadskjema osv. Vi vonar dette vil gi deg ei god oversikt over dei tomtene som vi har ledige. NB: Vi gjer merksam på det det ikkje er lov å opphalde seg på anleggsområdet for privat synfaring.

 

Dronefilm frå Mosbakkane bustadfelt:

 

 

Meir info og søknadsskjema: 

På lenkja under finn du viktige dokument i høve bustadfeltet, dette inneber over 60 sider med informasjon om alt i frå tomteprisar, reguleringsplanar, vilkår for kjøp osv. 
 

Orientering om bustadfeltet, tomtene og vilkår for kjøp

Søknadsskjema - Mosbakkane bustadfelt

Om det er fleire søkarar på same tomta, vil det bli gjennomført loddtrekning.

 

På denne lenkja finn du tomtene i Sunnmørskart

Merk deg at det er Sunnmørskart som til ei kvar tid er den oppdaterte kjelda på om tomter i Ørsta kommune er ledig eller reservert.

Skjermbilete av tomtevisninga i Sunnmørskart_ 17.april 2018 - Klikk for stort bileteSkjermbilete av tomtevisninga i Sunnmørskart_ 17.april 2018

 



NB! Merk deg reglane for synfaring

Med omsyn til sikkerheit, er det ikkje lov å opphalde seg på anleggsområdet før grunnarbeidet her er ferdig.

Ta kontakt med Arnstein Nupen på e-post, om du ønskjer å melde di interesse for ei ev. felles synfaring. Ved stor interesse vil kommunen sjå på moglegheita for å avtale og organisere synfaring i samråd med entreprenøren.

 

Vil du sjå resten av tomtefelta våre?

Ledige tomter - Ørsta kommune

Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Arnstein Nupen Rådgjevar/ jurist
48074265
@ Arnstein Nupen

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende