10-års markering av 22. juli

I år er det 10 år sidan terrorangrepa i regjeringskvartalet og på Utøya, der til saman 77 menneske vart drepne. Mellom dei var Guro Vartdal Håvoll frå Ørsta. 

Ørsta kommune si minnemarkering startar med at kyrkjeklokkene ringer kl. 12.00. Deretter vil mellom andre stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal og statsforvaltaren ved Berit Brendskag Lied legge ned blomar og halde innlegg ved minnesmerket i Laguneparken.

 

Program

 
22. juli-minnesmerket i Laguneparken12.00   Ørsta kyrkje ringer med kyrkjeklokkene

12.05   Velkommen ved varaordførar Karen Høydal (AP)

  • Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (AP) held tale for dagen og legg ned blomar ved minnesmerket
  • Musikalsk innslag ved Ørsta Hornmusikk
  • Statsforvaltaren ved Berit Brendskag Lied legg ned blomar og held appell
  • Appell frå AUF ved Elise Stokken    
  • Appell frå Ørsta ungdomsråd ved leiar Tare Reklev Øverbø
  • Avsluttande innslag ved Ørsta Hornmusikk

 

Dato: 22. juli 2021    Stad: Laguneparken

Det blir framsett stolar i høve arrangementet. Markeringa varer om lag ein time.

Etter at det offisielle programmet er avslutta, vil det vere høve til å oppsøke Ørsta kyrkje for refleksjon for dei som ønskjer det.

Følg oss