Vinnaren av arkitektkonkurransen Europan er kåra!

connecting orsta.jpg

 

På premieserimonien i Oslo torsdag kveld vart vinnarane av arkitektkonkurransen Europan kunngjort.

Av dei 20 påmelde konkurransebidragar er følgjande premierte for sitt bidrag til Ørsta:

Vinnar: Connecting Ørsta - Jens Nyboe Andersen (DK), Maria Crammond (DK) og Karl Johan Baggins (DK)

Connecting_Ørsta_2.jpg

Juryen viser m.a. til at Connecting Ørsta viser ein god plan for både studieområdet og for konkurranseområdet. Det viktigaste grepet i prosjektet er dei tre "hovudaksane" gjennom Ørsta sentrum som skal kople skuleområdet og det urbane sentrumet med dei grøne strukturane tettare saman. Juryen viser også til at Connecting Ørsta har ein tydeleg strategi for å implementere parkeringsbehovet i sentrum.

Vinnarteam Europan

 

 

 

 

Andreplass: Urban by Nature - STUEN Architects (DK) - Louise Dedenroth Høj og Anne-Mette Hjøllund

Urban_by_nature.jpg

Juryen viser til at Urban by Nature har ein tydeleg strategi for korleis ein gjennom grøne koplingar kan drage med seg naturelement inn i sentrum, og skape nye møtestadar. Landskapsstrategien vil kunne styrke Ørsta både i lokal og regional skala, og naturelementa vil kunne underbyggje satsinga på naturbasert friluftsliv. Juryen seier vidare at prosjektet manglar ein tydeleg strategi for bruk mellom dei grøne korridorane, og stiller spørsmål ved om ein landskapsstrategi er nok for å reaktivere sentrum.


Heiderleg omtale: Utmark - Leonard Ma (FI) og Carmen Lee (CA)

Utmark.jpg

Juryen viser til at Utmark foreslår ei radikal endring av fokus i Ørsta sentrum frå eit fokus primært på handel til eit fokus på rekreasjon. Juryen meiner at grepet med eit stort område alle kan nytte fritt - illustrert ved ei badestrand - er eit godt grep, og at dette kan verte eit regionalt landemerke. Likevel viser juryen til at prosjektet er svakare på det strukturelle nivået - spesielt i forhold til trafikkflyt og parkering.

 

Kommunen er representert i Oslo, og skal ha første møte med arkitektane fredag 04.12.15. Her vil ein drøfte vidare prosess og oppdrag til arkitektane. Kommunen sin intensjon er å gje eitt eller fleire av vinnarlaga i oppdrag å bearbeide forslaga til underlag for- eller utarbeiding av ny reguleringsplan for Ørsta sentrum. 

Illustrasjonane er henta frå dei premierte konkurransebidraga, hovudbiletet er frå Connecting Ørsta.

Følg oss