Suveren første del av ferie-SFO – ny oppstart i august

Kinostund for store og småBorna på ferie-SFO har hatt eit spennande og variert tilbod frå skuleslutt og ut juni. Besøket på Ørsta brannstasjon var særleg populært med sirener og spyling med vasslange. Før elevane tek sommarferie i juli, har ferie-SFO avslutning med kino og popcorn.


Ferie-SFO – kva er det?

Føresette til elevar i Ørstaskulen har skuleåret 2017-2018 hatt høve til å søkje ferie-SFO i tillegg til ordinær SFO. Tilbodet er lokalisert på Velle skule og har i år med born frå nesten alle skulane i kommunen. Også personalet kjem frå ulike skular, og er godt kjende i SFO avdelingane.

Tilbodet blir gitt i skuleferiane, før skulestart frå 1. august, haustferien, vinterferien og etter skuleslutt i juni. Det er ikkje tilbod om ferie-SFO til jul, påske og i juli. Nokre av dagane i august går også ut, då skulane har felles planleggingsdagar.

 

Varierte aktivitetar og daglege turar

På ferie-SFO har borna heile dagar, noko som krevjer god planlegging og varierte aktivitetar. I løpet av juni har borna vore på daglege turar i nærområdet. Blåbærtur til Daleteigane, besøk i hamneparken og på Ørsta brannstasjon, samt kjekk høgtlesing på biblioteket har vore nokre av høgdepunkta. Kvar dag har både born og vaksne rolige og gode matstunder.

Då det var vinterferie var ein del av aktiviteten å planlegge ein karneval-fest. Alt måtte førebuast før festen, kostyme, fargerike gelear m.m, Sidan skuleslutt 22 juni har vi vore heldige med fint sommarvêr og har fått nytta det flotte uteområdet ved Velle skule.
 

Velkomne til borna som skal vere i lag med oss på ferie-SFO i august - Vi gler oss allereie!

- Sommarhelsing frå SFO, Ørstaskulen.

 

Følg oss