Strandrydding

Sol, sommar og reine strender! 
Det er lite som slår den gode kjensla av å bidra til ei god sak, og i sommar kan alle vere med å gjere ein viktig forskjell for strendene våre! Plastavfall og anna marin forsøpling er eit enormt og veksande problem, for livet i havet og for oss alle. Frivillig innsats er avgjerande i kampen for ein reinare kyst og mange enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar har gjort, og gjer en viktig ryddejobb.

No i ferien er ekstra mange ute i naturen, i fjørene og på strendene, og vil sjølve sjå at behovet for å rydde plast, tau, isopor, gamle hermetikkboksar og anna skrot framleis er stort mange stader. Sunnmøre Friluftsråd oppmodar alle om å ta i eit tak for ein reinare kyst! I samarbeid med Reinhaldsverka SSR, VØR og Årim og dei kommunale servicekontora på rådhuset har vi gjort det enkelt å bidra! 

Litt eller mykje – alt utgjer ein forskjell! 
Først og fremst må kvar enkelt ta ansvar for å rydde etter seg når ein er ute, men det er vel sjølvsagt for alle no? Om ein vil gjere ein innsats utover det, har Friluftsrådet med god hjelp frå servicekontora i kommunane gjort det enkelt å få tak i sekkar og hanskar frå Hold Norge Rent. Dette kan i sommar hentast gratis på Servicekontoret på Rådhuset. Men, det er reinhaldsselskapa som har ansvar for handtering av avfallet så eventuelle spørsmål om det må rettast til direkte til dei. 

Dei lokale Miljøstasjonane tek gratis i mot Hold Norge Rent sekkar med eigarlaust marint avfall. NB for å få levert gratis til din lokale Miljøstasjon, treng du ei aksjonskode som du får ved å opprette ein ryddeaksjon på Hold Norge Rent sine heimesider. Husk då å knytte aksjonen til Sunnmøre Friluftsråd så kan vi følge med på kor mykje som vert rydda i sommar. Ei enkel oppskrift på dette får du også når du hentar sekkar og hanskar på servicekontoret på Rådhuset. 

Rydding i litt større omfang krev gjerne organisering. Friluftsrådet har, gjennom prosjektet Marin Forsøpling, ei aktiv og sentral rolle i rydding av strender og kystliner. Vi kan hjelpe med å organisere aksjonar og vi har gode arbeidsbåtar som kan hente søppel på øyer og mindre tilgjengelege stadar langs kysten. 

Følg oss