Redusert sikkerheitsområde opnar for byggeaktivitet

Ørsta-Volda lufthamn Hovden og Torvmyrvegen

Ei ny EU-sertifisering av Ørsta-Volda lufthamn Hovden gir reduksjon i sikkerheitsområdet rundt flyplassen. Luftfartstilsynet har etter ein søknad frå Avinor, sertifisert flyplassen i høve utformingskrava i EU-regelverket for ikkje-instrumentrullebaner. Endringane inneber at restriksjonane rundt flyplassen har fått eit kraftig kutt. Breidda på sikkerheitsområdet rundt flyplassen er redusert, sidehinderflatene startar nærare rullebanen og stig brattare enn tidlegare.

– Desse endringane kan bety mykje for vidare planlegging og utbygging av områda rundt flyplassen, 
seier ordførar Stein Aam.
 

 

Endringane får mykje å seie for dei som bur langs Indrehovdevegen

Sikringsområdet er redusert til 40 meter til kvar side og stigningsflata er endra. Dette gjer at bustadeigedomar og andre bygg i Indrehovden går klar av restriksjonar som til no har vore til hinder påbygg og nybygg. 

 

Endringane kan opne for nye moglegheiter og nye trafikkløysingar

Ettersom restriksjonsplanen i høve den nye EU-sertifiseringa er mindre i utstrekning enn tidlegare, vert det opna for at kommunen kan utnytte områda nord og sør for rullebana betre. Avinor skriv i eit brev til kommunen at dei er innstilt på å gi dispensasjonar frå høgderestriksjonane i reguleringsplanane som er basert på dei gamle hinderflatene, med føresetnad om at tiltaka ikkje er i konflikt med nye hinderflater eller at tiltaka gir ein uheldig turbulenssituasjon. Dei skriv vidare at det er særleg nye næringsbygg sør og søraust for flyplassen som må bli vurdert med tanke på turbulens.

Endringane kan også opne for heilt nye og billegare trafikkløysingar i tilknyting til flyplasskrysset og Torvmyrvegen, noko som vil vere positivt med tanke på gjennomføring og kollektivløysingar. Dette er svært gledeleg nytt, men det er naudsynt å få avklaring på nokre tekniske spørsmål før vi kan gå vidare med dette. Ørsta kommune vil i samarbeid med lufthamnsjefen søke svar på desse spørsmåla så raskt som råd.     

 

Restriksjonsplankart

Restriksjonsplankart

Dei delar av terrenget som bryt med hinderflatene vert vist som gråskraverte flater i restriksjonsplankartet.

 

Dei nye endringane og utformingskrava inneber mellom anna at:

  • Sikkerheitsområdet rundt rullebana er redusert med 43 %. No har sikkerheitsområdet ei samla breidde på 80 meter, 40 meter på kvar side av rullebana si senterlinje. Før hadde sikkerheitsområdet ei samla breidde på 150 meter, 75 meter på kvar side av rullebana si senterlinje.
     
  • Sideflata har ei stigning på 20% (1:5). Sideflata startar der sikkerheitsområdet sluttar og går ut til den når ei høgde på 45 meter over rullebana. Tidlegare var stigninga på 14,3 % (1:7).
     
  • Horisontalflata startar der sideflata sluttar (45 meter over rullebana), og strekk seg horisontalt ut til 25000 meter til side for og ut for enden av rullebana. Dette er uendra høgd over rullebana, men mindre utstrekning i forhold til tidlegare.

Resten av utformingskrava finn du i brevet frå Avinor under pkt. 2.

 

Informasjonsmøte i januar  

Torsdag 21. desember var ordførar, assisterande rådmann og teknisk sjef på eit møte med Avinor, for å få meir kunnskap om kva endringane betyr for kommunen.   

Når vi har fått dei naudsynte avklaringane, vil Ørsta kommune og lufthamnsjef Sverre Bae invitere til eit informasjonsmøte. Møtet vert i løpet av januar 2018.

Følg oss