Ørsta kommune sin kulturprisen 2015 til Marita Bett Aakre

Kulturprisen- Marita Bett Aakre.jpg

I møte 18. november 2015 vedtok levekårsutvalet å gi Ørsta kommune sin kulturpris for 2015 til Marita Bett Aakre. Prisen vart tildelt på kommunestyremøte i dag, torsdag 10. desember 2015.   

Grunngjevinga:

Vidareføring av kulturarv er ei viktig, men krevjande oppgåve.  Å skape noko nytt krev også innsats meir enn vanleg.  Å vere tradisjonsberar, aktuell og nyskapande er ekstra utfordrande når det skjer litt utanfor allfarveg.

Når dette lukkast, er ei kulturrørsle skapt. Satsing på visjonar og idérikdom kan gi nytt innhald og identitet der det finst far etter folk, og kan telje mykje for eit mangfald av folk i alle aldrar.

Å skape nytt liv i ein gard som har vore i slekta gjennom generasjonar krev ressursar. Med ymse tilskot og hjelp frå m.a. kulturvernlag og fylkeskonservatoren, har Bakketunet på Åkre i Hjørundfjord fått ei framtid å vere stolt av. I denne framtida, som allereie har engasjert notida, ligg eit godt  men ressurskrevjande grunnlag for formidling og opplevingar.

Marita Bett Aakre har her den viktige rolla med å verne tunet gjennom vidare bruk. Her vert det skapt innhaldsrike kulturprogram i eit miljø der fortida møter samtida. Kortreist kultur inspirerer omverda.  Her er det utstillingar, og her får kunstnarar og andre kulturpersonar inspirasjon i ein natur med lys, regn, skodde, fjell og fjord. Dette gjeld Bjørkebygda,  – midt i verda, i eit levande tun i sanninga sin augneblink.

Marita Bett Aakre har også gjevnader som kunstnar og formgjevar med fleire ulike uttrykk. Ho vil gjerne vise fram det som er skapt, noko vi gjerne vil sjå, oppleve og takke for. Det er mange kulturaktive seiemåtar og synspunkt som kan knytast til Marita Bett Aakre.

For Ørsta kommune er takksemd og framsnakking noko av grunnlaget for å heidre Marita Bett Aakre med kulturprisen for 2015. Heideren får ho personleg, og  Bakketunet  er med i ei samla vurdering av ein verdig prisvinnar. Gratulerer og lukke til vidare!

Kulturprisen er ein diplom og ei pengegåve kr 10.000,-. 

Gratulerer!  

Marita Bett Aakre og Ordførar Stein Aam.jpg

Følg oss