Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse

Professor Arne Holte hadde eit forrykande foredrag i Ørsta 6. juni. Over 100 påmelde fekk oppleve Holte, som i 2012 fekk Den store psykologprisen. Bakgrunnen for seminaret er kommunen sitt arbeid med ny Kommunedelplan for Levekår, og kommunen si deltaking i prosjektet – Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse.

Holte sette helsefremjing og forebygging av psykisk helse på dagsorden, og formidla forsking med kløkt gjennom historiefortelling med stor entusiasme. Holte seier kommunane sit på nøkkelen til god psykisk helse, og kva kan vel vere ei viktigare oppgåve for kommunepolitikarane enn å legge til rette for innbyggjarane sin livskvalitet, spør han.

Ein viktig bodskap Holte la fram, er at vi bør lære av suksessen vi har oppnådd innan somatisk helse. Spedbarnsdødelegheit, hjarte-kardødelegheit, hjerneslagdødelegheit, dødelegheit av fleire kreftsjukdommar, trafikkdødelegheit, tobakksrøyking, alkoholkonsum blant unge, ja til og med karies i tennene til ungane våre har gått ned. Dette skuldast ei rekke faktorar – også i nokon tilfelle betre behandling – men ein viktig ingrediens har vore at vi har satsa på breie befolkningsretta og helsefremjande tiltak; Betre kosthald, meir mosjon, kutte ut røyken, redusere alkoholkonsum. Det same må vi gjere innan psykisk helse; Vi må finne fram til dei viktigaste psykisk helsefremjande faktorane i befolkninga og rette ressursane inn mot å styrke desse.

Vi bør også lære av britane, meiner Holte. Dei satsar på å bygge landets mentale kapital. Det vil seie å bygge opp landets samla evner til nettopp å regulere kjensler, tenke fornuftig, styre åtferda fleksibelt, møte sosiale utfordringar og trivast.

Følg oss