Femte trinn på Velle skule vann spesialpris i Oppdrag Havplast

5. trinn Velle skule vann over Kaptein Havplast
1. mai inviterte Miljøagentene og FINN.no norske femteklassingar til å bli med i Oppdrag Havplast. Oppdraget inneber at elevane gjer ein innsats for å rydde havet for plast, samstundes som dei får tene pengar inn til klassekassa, 5. trinn ved Velle skule tok utfordringa, og har vore ute og plukka plast i strandområda, både nær skulen og i Selbervika.


«5. trinn på Velle skule hadde høyrt eit rykte om at det var mykje plast på dei fine strendene våre i Ørsta. Dei hadde sett mange bilder av dyr som døyr og har det vondt på grunn av all plasten som er i havet. Sidan dette ikkje er greit ville dei gjere noko med det. Ein eldre lærar på skulen fortalte elevane at dersom det blir nok plast i fjøra kjem skumle kaptein Havplast. Elevane vart veldig nysgjerrige på kven dette kunne vere. Dei bestemte seg for å finne han».

 – Utdrag frå finnannonsa til 5. trinn ved Velle skule.

 

Kaptein Havplast

Velle vann pris for beste annonse!

Kvar klasse fekk tilsendt 20 tomme posar som skulle fyllast med plastavfall. Dette vil seie at 5A og 5B til saman har fylt 40 posar med plastavfall frå strendene i Ørsta. Alle klasser som rydda ei strand leverte posane til miljøstasjonen, og la deretter ut plasten sin for sal på FINN.no. Klassene fekk betalt 100 kroner per sekk dei leverte. I tillegg til summen klassene fekk for plastavfallet sitt, kunne dei vinne ein av tre spesialprisar:
 

  1. Havplastprisen for ekstraordinær innsats – Gjekk til Framnes skole, Sandefjord.
  2. Havplastprisen for beste FINN-annonse – Velle skule, Ørsta
  3. Havplastprisen for beste plastkuns – Grannes skole, Sola.
     

Det var jubel i elevgruppa på Velle då dei fekk vite at dei hadde den beste Finn-annonsen, og dermed ikkje berre har gjort ein innsats for miljøet, men også vunne 10 000 kroner til klassekassa! 
 

Annonsen

Finn-annonse_Velle

Sjå heile annonsa her




 

Følg oss