Brukte drone i kartlegginga av steinsprang

Drone_ras.JPG

Vegen i Vatnedalen og opp Vatnesvingane har vore stengt sidan søndag 2.juni i høve eit steinsprang. Steinane har gjort skade på både veg og autovern. Terrenget i området er bratt og uoversikteleg, kommunen brukte difor drone som hjelpemiddel i kartlegginga av raset.

 

Vurdering av geolog

Onsdag hadde kommunen besøk av geologar frå Asplan Viak for å gjere vurderingar av rasfaren og avgjere når vegen kunne opnast igjen.

Før geologane tok seg fram til utløysingsområdet flydde drona opp langs heile rasløpet. Dronebileta hjalp til med å skape oversikt og kartlegge kvar steinane kom i frå, i tillegg til å vurdere om der var fleire steinar som stod i fare for å kome ned. Geologane fekk sjå bileta medan drona var i lufta, slik at den kunne nærme seg område dei ville sjå meir av.

Etter vurderinga frå geologane vart det bestemt at rasløpet må bli reinska for steinar som står i fare for rase ned, før vegen kan bli opna. Arbeidet med dette vart starta opp torsdag og held fram i dag fredag. 

 

Bruk av dronefilm

Med drone kan ein stå på trygg avstand.

Det er fyrste gong Ørsta kommune har brukt drone som hjelpemiddel i kartlegginga av eit ras. Det var svært nyttig å nærme seg området steinane kom i frå, samtidig som ein står på trygg avstand. Dronebileta gir både oversikt og ein får gjort seg nokre vurderingar om omfang. Dette gir nyttig kunnskap før ein prøvar å nærme seg utløysingsområdet og rasløpet for grundigare vurdering og sikring. 

Følg oss