4 av 10 i Ørsta reagerer på alkoholbruk rundt barn om sommaren


– Altfor mange barn går sommaren i møte med ein klump i magen, seier Ingvild Endal, folkehelsekoordinator i Ørsta kommune.
 

AV-OG-TIL

Ei fersk undersøking som Ipsos har gjennomført for alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, viser at 39 prosent av innbyggjarane i Ørsta meiner at det blir drukke for mykje alkohol rundt barn i sommarferien. Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i AV-OG-TIL, syns talet er høgt.
 

– Dette viser at mange reagerer og tenkjer at det blir drukke for mykje alkohol når barna er til stades. Sommarmånadane er ekstra fuktige, og vi vil gjerne kose oss med god drikke. Men for enkelte barn kan det bety vonde og ubehagelege sommarminne. Barn har store forventingar til ferien, men for altfor mange druknar sommarminna i alkoholbruken til dei vaksne, seier Eriksrud.
 


– Hugs alkovett i sommar

Ifølgje Folkehelseinstituttet veks nesten eitt av ti barn opp i ein heim der mor eller far har misbrukt alkohol det siste året.

Sommaren er lang, og mange av dei faste rammene som får kvardagen til å fungere, blir borte. Det er ikkje lenger like enkelt å snakke med helsesøster eller ein lærar om det som er vanskeleg heime.  

– Derfor er det viktig at alle vi som står rundt, bryr oss og viser omtanke for barn i nærmiljøet vårt. Mi oppmoding at vi alle må tenke ekstra godt over om vi skal drikke, og når vi skal stoppe, når vi er saman med barn i sommar. Godt alkovett er å ha eit gjennomtenkt forhold til korleis vi drikk, seier Endal.

 

Ekstra sårbare på utanlandsferie

Mange reiser på sommarferie til utlandet. Eriksrud trur sydenferien skyv på grensene for alkoholbruk.

– Det er akkurat som om det skjer noko med oss etter sikkerheitskontrollen. Tal frå 2017 viste at éin av ti foreldre opplyste at dei drakk alkohol kvar dag på den førre utanlandsferien. I Syden er alkoholen gjerne meir tilgjengeleg, og vi gjer ting vi kanskje ikkje ville tenkt var greitt om vi var heime i Noreg. Her må alle ta ansvar og sikre at barn får ein trygg og god sommarferie, seier Randi Hagen Eriksrud.

 

 

Totalt

Ørsta

Tal på intervju

7264

100

Synest du at det blir drukke for mykje alkohol i sommarferien med barn til stades?

29

39

Undersøkinga er gjennomført av Ipsos på oppdrag frå AV-OG-TIL. 7264 respondentar har svart på spørsmåla i februar og mars 2018. 100 av desse respondentane er busett i Ørsta. Resultata er vekta i samsvar med offentleg statistikk på kjønn, alder og geografi. Målgruppa er personar over 18 år.

 

Kva gjer vi dersom vi er bekymra for barn?

AV-OG-TIL har utarbeida nokre råd på nettsida si.

Ørsta er ei AV-OG-TIL-kommune og set søkjelyset på alkovett i det førebyggjande arbeidet. AV-OG-TIL-kommunar samarbeider med næringsliv, frivillige organisasjonar, eldsjeler og offentlege aktørar i dette arbeidet.

 

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss