Natur og miljø

Natur og miljø

Arbeidet med naturvern har som mål å sikre trua artar og naturtyper, og ta vare på eit representativ utsnitt av norsk natur for ettertida. Nasjonalparkar, naturreservat og andre typer verneområde vert oppretta av Kongen i statsråd etter ein omfattande prosess. Grunneigarar, kommuner, fylkeskommuner, lokale og sentrale etatar og organisasjonar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak vert gjort.
 
I Ørsta kommune er det vedteke fleire naturreservat og eit landskapsvernområde. Dette er naturreservata i Skorgeura ved Ørstafjorden, Åmsmyra i Åmdal, Gjevenesstrand,Kvamsetelva og Barlindneset i Hjørundfjorden og Raudøya i Ørstafjorden. Resten av Raudøya er vedteke som eit landskapsvernområde med fredning av kristtorn. Kommunen har fått utarbeidd eit utkast til skjøtselsplan for Raudøya. Ei sentral målsejing i denne skjøtselsplanen er å ha ei balanse mellom naturvern og friluftsinteressene knytta til dette området. 
 
Møre og Romsdal fylke har hatt ansvaret for forvaltninga av etablerte verneområde. Kommunen har no høve til å få overta dette forvaltningsansvaret. Elles tek Statens Naturoppsyn (NSO) i aukande grad over oppsynet i verneområda. 
 
Gjennom planlegging av arealbruken med heimel i plan- og bygningslova er fleire mindre område regulerte til spesialområde naturvern, eventuelt i kombinasjon med friluftsområde.
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.02.2015
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Gunnar Wangen Leiar Plan og miljø
90646645
@ Gunnar Wangen
Magnar Selbervik Miljøvernkonsulent
70049780
@ Magnar Selbervik