Utsending av skattekrav/faktura
I 2019 er skattesetel og faktura for 1. termin samanfatta i eitt dokument, og vert sendt ut innan utgangen av februar. Faktura for 2. termin vert sendt ut til hausten. Faktura syner eigedom, takstgrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er i forvaltinga definert som enkeltvedtak
Offentleg ettersyn
På grunnlag av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2019 og med heimel i lov av 1975-06-06 nr 29, lov om eigedomsskatt til kommunane § 15, vert eigedomsskatteliste lagt til offentleg ettersyn i 6 veker frå 27. februar 2019.
Lista syner alle skattepliktige eigedomar gjennom matrikkelnummer, skattetakst, skattesats og utrekna skattesum. Skattelista vert lagt ut på servicekontoret og på Ørsta kommune si heimeside.
Klage
Klager på takst etter formuesgrunnlaget skal rettast til skatteetaten. Meir informasjon finn du på
Skattetaten.no.
Klager etter kommunale takster skal rettast til eigedomsskattekontoret. Klage kan sendast skriftleg også pr e-post til Ørsta kommune innan 6 veker frå kunngjeringsdato eller frå det tidspunkt skattesetelen vert utsendt.
NB: Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong.
Kontaktinformasjon
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.