Næringstomt

Ørsta kommune har rike industritradisjonar og er handelssentrum på Søre Sunnmøre. Vi vil legge til rette for nyetablering i kommunen og kan tilby attraktive tomter for dei som vil etablere verksemd i Ørsta. Ta kontakt for nærare informasjon om moglegheitene vi kan tilby av industri- og næringsareal.

Melsgjerdet industriområde

Industriområde sør-aust for Ørsta sentrum. Området vert no utvida med eit byggetrinn 2.

Hovden næringsområde

Ligg i Hovdebygda, rett ved flyplassen og E-39.