Tilskot til fjerning av piggtråd i UKL-området

Bildet viser ein person med ei tang, som klipp over gammal piggtråd. - Klikk for stort bilete Ørsta kommune

Prosjekt: Målsettinga er å fjerne gamal og/eller ståande piggtråd i UKL-området i Hjørundfjord og Norangsdalen.

Frå 2010 har det vore forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde, og når material i gamle gjerde vert bytt ut. Forbodet er heimla i dyrevelferdslova § 15, som slår fast at det ikkje skal brukast piggtråd for å regulere dyr sin ferdsle. I same paragraf går det fram at det er grunneigar sitt ansvar å sjå til at gamle gjerde og piggtråd vert halde ved like. Der gjerdet kan føre til skade på dyr og menneske, er det også grunneigar sitt ansvar at gjerdet vert fjerna på forsvarleg måte.

No har forbodet mot piggtråd virket i over ti år, men mange stedar er det framleis gamle gjerderestar og piggtråd som ikkje har nokon nytte lenger. Likevel står/ligg piggtråden der, og er dødsfeller for dyr.

Føremålet med Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet, i denne saka fjerning av piggtråd.

Ørsta kommune gjennomfører eit forsøksprosjekt i UKL-området Hjørundfjord og Norangsdalen med mål om å fjerne piggtråd i naturen. I 2021 vart det øyremerka kr 226 170 av UKL ramma, til innsamling av piggtråd. Kommunen har gitt 4 løyvingar på totalt kr 98 350. Eitt av tiltaka er gjennomført. No har vi igjen ca kr 125 000 til innsamling av piggtråd.  

Søknader om tilskot til fjerning av piggtråd blir handsama etter kvart som søknadane kjem inn. Sidan dette var eit prøveprosjekt innan UKL, og tiltaket har få søknader, set vi frist til 15. oktober 2023, for å søkje om tilskot til fjerning av piggtråd i UKL området. Eventuell rest av øyremerka ramme, vil bli trekt inn i den ordinære UKL ordninga for Hjørundfjord og Norangsdalen. Årsaka til dette ligg i at vi ikkje vil øyremerke midlar til tiltak som ikkje blir gjennomført.


Tilskot

Tilskot blir utrekna ut frå kor mange meter med piggtråd som vert fjerna. For å få utbetalt tilskot, skal søkjar legge fram kvittering for leveranse av piggtråd til eit godkjent mottak.  

Ståande/liggande piggtråd: 
15 kroner per meter piggtråd

Uavhengig av arbeidsforbruk, terreng, tilgjengelegheit og piggtråd i ulike høgder.​
Ved levering er det også viktig at ikkje gras og anna avfall er vikla saman med piggtråden.

For å få utbetalt tilskot ved fjerning av piggtråd skal følgjande dokumentasjon leggast ved rapporteringa:

  • Kart som viser kvar piggtråden er fjerna
  • Krav til fotodokumentasjon før, under og etter at tiltaket blir gjennomført.
  • Kvittering for leveranse av piggtråd til godkjend mottak


Korleis søkjer du?

Søknaden skal leverast via altinn.no, gjennom ordninga Utvalde kulturlandskap i Hjørundfjord og Norangsdal.

I søknaden skal ein kartfester traséen med piggtråd som skal fjernast, med anslått meter piggtråd. I tilfelle der fjerning av piggtråd kan vere ekstra krevjande kan ein søkje om tilskot etter anslått tidsforbruk.


Søknadsfrist

15. oktober 2023.
 

Bildet viser ein tilhenger som er full av gamle piggtråder. - Klikk for stort bilete Ørsta kommune