Husdyrhald

Landbrukskontoret har oppgåver i samband med tilskotsforvaltninga, husdyrkonsesjonslova, erstatningsordningar og organisert beitebruk. På gardsbruka i Ørsta har vi eit vidt spekter av husdyr. 

Det er avgrensningar i kor mange dyr ein kan ha på eit føretak. Dette vert regulert gjennom "Konsesjon etter lov om regulering av ervervsmessig husdyrhald".


Føremålet ved lova er ei ønska spreiing av svine- og fjørfeproduksjonen på fleire einingar ved å regulere produksjonsomfanget hjå kvar einskild produsent. Det er 8 beitelag i kommunen som organiserer tilsyn og sanking av små- og storfe som går på utmarksbeite. Her er lite og inkje tap til freda rovvilt men det døyr diverre ein del dyr kvart år. Tapa er då relatert til sjukdom grunna flåttbitt, alveld, mv. I menyen til høgre finn du informasjon om husdyrhald. Fleire av linkane om dette temaet er eksterne linkar med informasjon frå andre offentlege sider.


 

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Børild Skåra Rådgjevar jordbruk
906 99 240
@ Børild Skåra

Nyhende