Fellingsresultat for hjortejakta 2016

Resultatet frå hjortejakta 2016 i Ørsta er klart, og det vart felt totalt 835 hjort i kommunen. 

Dette er ein auke frå siste åra, i 2015 vart det felt 718 hjort, og i 2014 756 hjort. Ein må tilbake til 2010 for å finne høgare fellingsresultat, då vart det felt 919 hjort. Vårteljinga av hjort i april/mai 2016 viste også rekordresultat.

Resultat frå dei enkelte valda finn du her, vi gjer merksam på at valda som står oppført med tildeling av frie dyr, har fleirårig bestandsplan slik at dei kan overføre fellingsløyve mellom dei enkelte åra som bestandsplanen gjeld