Skyssbåt Hjørundfjorden

Skyssbåten skal vere eit fleksibelt skysstilbod for innbyggarane på Sæbø, Standal, Trandal, Urke, Bjørke, Skår; for fastbuande elles i Ørsta og regionen, samt tilreisande. Spesielt om sommaren er Hjørundfjorden eit godt og veksande besøkt område både for lokale, norske og utanlandske turistar. Skyssbåten blir dessutan nytta av kommunale omsorgstenester og for elevar på skulesymjing ein gong i veka mellom Sæbø og Bjørke.

Skyssbåten skal primært kunne bestillast etter behov i tidsrommet 06.00 -24.00. For best muleg trafikk- avvikling bør turane bestillast på førehand. For reisegaranti må tur vere bestilt seinast 24 t før avreisetidspunkt.

Ørsta kommune har avtale med Christian Gaard Bygdetun AS om skyssbåt i perioda mellom 22.juni 2017 til 31.desember 2019. 
 

Kontaktinformasjon:

Tlf.  Lenita Storeide 95 93 57 97
       Daniel Storeide 99 10 66 59

Epost: post@christian-gaard.no

Heimeside: Christian Gaard Bygdetun

Fant du det du lette etter?