Næringsprisen 2018 - send inn forslag!

Vinnar 2017: Fugl Føniks 1 - Klikk for stort bilete Ørsta formannskap delar ut næringsprisen kvart år. I år er fristen 1. november 2018.

Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.

Framlegg til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar. Framlegg skal vere skriftleg og helst med grunngjeving. Statuttane for prisen finn du øvst på sida. 

 
Frist for innsending: 01. november 2018.

Send framlegg til postmottak@orsta.kommune.no eller
 
Ørsta kommune
Dalevegen 6
6153 Ørsta
 
 
 
Fant du det du lette etter?

Nyhende

  • Bertel O Steen satsar på Mosflata
    Tidligare i år opna Eik landbrukssenter Sunnmøre sin største landbruksbutikk på Mosflata. No vel Bertel O. Steen å flytte drifta til same område.
  • Næringsprisen 2018 - send inn forslag!
    Ørsta formannskap delar ut næringsprisen kvart år. I år er fristen 1. november 2018.
  • Opning Tømmer-/fleirbrukskai Opning av ny tømmer- og fleirbrukskai
    Bildearkiv Utvidinga av Ørstaterminalen er ein realitet, og måndag 4. juni vart den nye tømmer- og fleirbrukskaia offisielt opna av Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Ørsta kommune er god nøgde med prosjektet, og vil særleg trekke fram det gode og profesjonelle samarbeidet med endtreprenøren PEAB K Nordang. Dei har gjort framifrå arbeid og har halde framdriftsplanen, med ei lita forlenging på få veker grunna tele.Ørsta kommune vil rette stor takk til Landbruks- og matdepartementet for å ha bidrege med eit så stort tilskot at tømmerkaia kunne verte realisert. Vi vil også takke Kystskogbruket for god hjelp.
  • Hjortemøte 11.april på Aasen-tunet
    Landbrukskontoret i Ørsta og Volda arrangerer hjortemøte onsdag 11.april. kl. 19.00-22.00 på Aasen-tunet i Ørsta. Erling Meisingset, forskar frå NIBIO kjem.
  • Næringsfond til skredfarevurdering
    Det er høve til å søkje tilskot frå næringsfondet til skredfarevurdering (næringsformål).

Chat ikon