Skogbruk

Ørsta kommune er sjølve skogreisingskommunen i Noreg, og det var frå Ørsta skogpioneren Hans Barstad kom. Han starta den første skogplanteskulen i landet. Ørsta kommune vedtok den første skogreisingsplanen i Noreg i 1950, utarbeidd av ein annan skogpioner; Hans Berg. ”Ørstaplanen” vart màl for all moderne skogreisning på Vestlandet og i Nord-Norge.

Takst i 2007 synte at kommunen har ca 225.000 da skogsareal. Av dette er om lag 86.000 da produktiv skog og herav igjen er om lag 32.000 da kulturskog (planta skog). Skogareala er ikkje så store i Ørsta, men mykje av skogsmarka har høg bonitet og difor er tilveksten stor i høve til arealet. Kommunen er på veg inn i den store haustingsperioden for kulturskogen, og det er viktig at ein nyttar ressursane og at dette gjev ringverknader lokalt.
Mykje av skogsmarka er vanskeleg å drive, så skogbruket har store utfordringar.
Kommunen vil vere ein nyttig medspelar og legge til rette for utvikling av skogbruket. Skogbruksplanane som Allskog har utarbeidd, er for skogeigarar og kommunen nyttige verkty for rasjonelt skogbruk i Ørsta.

Landbruksveg (Jord- og skogbruksvegar)

Bygging av landbruksvegar er regulert gjennom Forskrift om bygging av landbruksveier.

Føremålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggjast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som vert råka av vegbygginga. Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skog- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar. Bygging av nye vegar og ombygging av eksisterande, kan ikkje setjast i verk utan løyve frå kommunen. Eventuelt tilskot blir tilrådd av kommunen og innvilga av Fylkesmannen.



Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)
 

Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.
Tilskot til NMSK gjeld td. tilskot til skogkultur, miljøtiltak, vegar, tynning, drift i vanskeleg terreng samt andre prosjekt. Vedtaksmynde for deler av ordninga ligg hjå Fylkesmannen, men søknad skal gå via kommunen. Kommunen får avgrensa midlar å bruke til skogkultur.
 

 Skogsdrift - Klikk for stort bilete

Sist endra 27.01.2017
Fann du det du lette etter?