Plantevern

Plantevernmiddel kan berre brukast av personar som har autorisasjon. For å få autorisasjon må ein vere fylt 18 år og ha fullført autorisasjonskurs. Eksamen kan ein avleggje på Landbrukskontoret. 

Ved bestått eksamen får ein eit sertifikat som gjev yrkesutøvarar adgang til kjøp og bruk av plantevernmidler. Hobbydyrkarar kan ikkje få autorisasjon.
 
Autorisasjonen er gyldig i 10 år frå avlagt prøve. Ved fornying gjeld same reglane som ved fyrste gongs autorisasjon.

Forsøksringane i Norsk Landbruksrådgjeving held autorisasjonskurs.

Ved bruk av plantevernmiddel skal ein føre logg over sprøytinga (sprøytejournal). Slik journal er eit krav om ein søkjer om produksjonstilskot.

Sist endra 02.12.2016
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Åshild Steinnes Førstesekretær
70049610
@ Åshild Steinnes

Nyhende