Dersom det på grunn av klimatiske forhold vert svikt i plante- eller honningproduksjon, kan jord- og hagebruksføretak, og honningprodusentar - med økonomiske tap jmf. forskrift få erstatning.
Skaden skal vere forårsaka av klimatiske forhold, og det skal ikkje vere mogleg å teikne privat forsikring for den type skade. Ein skal og drive fagleg forsvarleg og førebygge og avgrense skadar.
Det er fire ordningar som er omfatta av forskrifta:
• erstatning ved avlingssvikt
• tilskot etter vinterskader på eng
• erstatning ved svikt i honningproduksjon
• erstatning ved tap av bikuber