Husdyrhald

Landbrukskontoret har oppgåver i samband med tilskotsforvaltninga, husdyrkonsesjonslova, erstatningsordningar og organisert beitebruk. På gardsbruka i Ørsta har vi eit vidt spekter av husdyr. Ved siste teljing i 2012 hadde landbruksføretaka: 116 hestar, 1.442 kyr, 2.317 ungdyr, 39 ammekyr, 1.927 vaksne sauer, 794 mjølkegeiter, 116 purker, 3.422 slaktegris, 6.348 høner, 2.030 minktisper og 877 revetisper.     

Det er avgrensningar i kor mange dyr ein kan ha på eit føretak. Dette vert regulert gjennom "Konsesjon etter lov om regulering av ervervsmessig husdyrhald".
Føremålet ved lova er ei ønska spreiing av svine- og fjørfeproduksjonen på fleire einingar ved å regulere produksjonsomfanget hjå kvar einskild produsent.
Det er 8 beitelag i kommunen som organiserer tilsyn og sanking av små- og storfe som går på utmarksbeite. Her er lite og inkje tap til freda rovvilt men det døyr diverre ein del dyr kvart år. Tapa er då relatert til sjukdom grunna flåttbitt, alveld, mv. I menyen til høgre finn du informasjon om husdyrhald. Fleire av linkane om dette temaet er eksterne linkar med informasjon frå andre offentlege sider.


gris_buset 002.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 25.11.2016
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Børild Skåra Rådgjevar jordbruk
70049613
@ Børild Skåra

Nyhende