Dyrehelse

Eigaren av dyra har ansvaret med å sjå til at dyra har det bra, medan Mattilsynet igjen skal sjå til at eigaren gjer jobben sin.

Kommunen har ansvar for å sørge for tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Kommunen får difor øyremerka midlar til å dekke utgiftene til veterinærvakta.

_zOkIfvvK0X2GVMQOdX5fUnRAak8auPpkd1FuYFVvx-pcrDkHh9xcy0EWA3dd_0Jr-m0Z9U=s116.jpg - Klikk for stort bilete Mattilsynet er staten sitt tilsyn for plantar, fisk, dyr og næringsmiddel. Alle som jobbar med dyr har ansvar for å følgje Noreg sine lover og forskrifter. Noreg må følgje internasjonale reglar som til dømes EØS-avtalen.

Mattilsynet har tilsyn med at alle følgjer regelverka slik dei skal. Ved å oppsøke Mattilsynet si heimeside vil du få tilgang til regelverk, skjema, mv.

Næraste distrikskontor er Distriktskontor Sunnmøre som held til på Dragsund i Herøy. Kontoret dekkjer kommunane: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta, Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven. Sentralbord: 22 40 00 00

Veterinærvakta betener dei to kommunane Ørsta og Volda, og vert drive av veterinærar med almenpraksis med hovudvekt på produksjonsdyr. Veterinærvakta har telefon 70 06 8964.

Sist endra 25.11.2016
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Strandgata 7 Ørsta Mattilsynet
22400000
@ Strandgata 7 Ørsta Mattilsynet

Nyhende