Fyrverkeri

Handel og oppbevaring av pyroteknisk vare (fyrverkeri) i klasse II og III er søknadspliktig. 

Løyve vert gjeven av den kommunen der verksemda vert driven. Kommunen kan gi løyve til oppbevaring inntil 500 kg netto eksplosivinnhald. Krav til utsalsstad og oppbevaringsstad finn ein i Rettleiing om handtering av fyrverkeri § 9-4.

Den som ynskjer å drive handel og/eller oppbevaring av fyrverkeri her i kommunen må søkje nytt løyve kvart år. Søknad må vere kommunen i hende innan 1. mai salsåret.

Frist for å handsame søknadane er 2 månadar. Fristen byrjar først å gå frå det tidspunkt all relevant informasjon er kome inn. Dersom denne fristen ikkje vert halden kan ein likevel ikkje sjå løyvet for gitt.

Oppskyting av fyrverkeri er tillate frå 31.12. kl. 18.00  til 01.01. kl. 02.00. Annan bruk er søknadspliktig.

Fann du det du lette etter?